Ny region i emning - frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven

Ny region i emning - frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik,

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Sparebank1 Søre Sunnmøre

Rapportnr:

Powerpointpresentasjon

Sidetall:

40

Nøkkelord:

Arbeidsmarknad,  Befolkningsutvikling,  Detaljhandel,  ,  Fritidseigedomar,  Regional utvikling 
Den undersjøiske tunellen frå Eiksund til Steinnes gav fastlandssamband for kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein og la såleis  grunnlag for ei tettare kopling mellom desse kommunane og kommunane Ørsta og Volda på fastlandet. Eiksund-sambandet har endra samhandlingsmønstret i området. Regionen er knytt langt tettare saman og har fått eit større grunnlag for vekst og utvikling. Nye opningar, både med tanke på val av arbeidsstad, men også  med tanke på eit breiare tilbod på fleire område, har gjort regionen meir attraktiv både for folk og verksemder.
 
 I 2012 kjem ei ny regionutviding, noko som vil gjere at kommunane Stryn og Hornindal blir tettare knytte opp til kommunane i Eiksund-regionen. Befolkninga i Stryn og Hornindal ser på dette sambandet først og fremst som betra tilgang til eit større handelsområde og ein større arbeidsmarknad. Frå sunnmørskommunane er forventingane meir knytte til fritidsmarknaden, noko som alt har materialisert i stor investeringslyst på hyttemarknaden i Stryn.  For sunnmøringane vil vegen også vere viktig med tanke på at den gir kortare reisetid vidare mot Austlandet.