Når ein vidaregåande skule blir borte. Konsekvensar for lokalsamfunnet

Når ein vidaregåande skule blir borte. Konsekvensar for lokalsamfunnet

Forfatter(e):

Finn Ove Båtevik, Geirmund Dvergsdal, Gro Marit Grimsrud, Margrethe Eikrem Aarset

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga og plan- og analyseavdelinga

Rapportnr:

36
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-325-4 1891-5973

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

32

Nøkkelord:

Vidaregåande opplæring,  Indentitet,  Lokalsamfunnsutvikling,  Attraktivitet,  Rekruttering,  Ungdom,  Mobilisering 
Vi har i denne rapporten starta ein analyse av moglege konsekvensar av å konsolidere strukturen i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane.  Studien er eit forprosjekt gjennomført på oppdrag for Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga og plan- og samfunnsavdelinga. I denne studien har vi gjennomført:
 
-          To caseundersøkingar: Vi har samla inn erfaringar frå to lokalsamfunn som har vore gjennom ei omstrukturering, eit døme i Nord-Noreg og eit døme i Oppland. Begge døma er lokalisert i distrikta, men innanfor dagleg pendlaravstand til eit regionsenter som har fått styrka sin skule som følgje av nedlegging i utkanten.
 
-          Litteraturgjennomgang: Vi har søkt etter norsk og internasjonal litteratur som tek for seg lokalsamfunnskonsekvensar av konsolideringar i vidaregåande skule. Slik litteratur fann vi lite av. Det meste som er skrive om temaet handlar om grunnskular. Det er likevel ein omfattande litteratur om regionale utviklingsprosessar som er relevant i denne samanheng.
 
Ein konklusjon er at det er vanskeleg å skulle seie noko konkret om verknader av slike prosessar så lenge analysane ikkje vert knytt til konkrete tilfelle av nedlegging.