Mot ein modell for verdibasert matriseleiing

Mot ein modell for verdibasert matriseleiing

Forfatter(e):

Else Ragni Yttredal, Gunnvor Bakke, Randi Bergem, Susanne Moen Ouff

Utgiver:

Møreforsking

Oppdragsgiver:

Husbanken region Midt-Norge

Rapportnr:

5/2014

Publikasjonstype:

Notat
|

Sidetall:

44

Nøkkelord:

Boligsosial,  Boligsosial planlegging,  Boligsosialt utviklingsprogram,  Kommunal organisering,  Nettverksanalyse,  Organisering,  Velferd 

Notatet er refleksjonar kring behovet for koordinering og leiing av bustadsosialt arbeid i kommunane. Det er basert på Møreforsking sine erfaringar med bustadsosialt arbeid i kommunane over fleire år. Vi summerer opp og reflekterer kring leiarskap. Bakgrunnen for valet av leiarskap som tema er at leiing av arbeidsoppgåver på tvers av kommuneorganisasjonen, i matriseorganisasjonar, er eit lite utforska område. Våre erfaringar viser på andre sida at det er behov for slik kunnskap. Vi presenterer derfor her starten på det vi kallar «verdibasert matriseleiing». Med matriseleiing meiner vi målretting og koordinering av arbeid på tvers av formelle strukturar. Matriseleiing i kommuneorganisasjonar er i stor grad avhengig av forankring av verdiar fordi ein i liten grad har formelle strukturar som definerer roller og forventningar for involverte partar - dermed omgrepet «verdibasert matriseleiing».