FoU-strategi Møre og Romsdal 2011 - 2015

FoU-strategi Møre og Romsdal 2011 - 2015

Forfatter(e):

Grethe Mattland Olsen, Geirmund Dvergsdal

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune (Næringsavdelinga)

Rapportnr:

19/2011
|

Isbn/Issn:

ISSN 1891-5973

Publikasjonstype:

Notat
|

Sidetall:

16

Nøkkelord:

Innovasjon ,  Nettverk,  Rekruttering,  Samarbeid 
Det er semje om at for å stimulere til ei positiv utvikling må ein bygge ned avstanden mellom næringslivet og forskings- og utdanningsmiljøa. Beste måten å gjere det på er gjennom å utveksle formell og erfaringsbasert kunnskap.
Den  praksisnære uformelle kunnskapen utgjer framleis ein viktig styrke til næringslivet i vår region, samstundes som den utgjer ei utfordring i kommunikasjonen med FoU-miljø. Men det er stor variasjon i kva former for kunnskap ulike næringar og organisasjonar har behov for, korleis denne kunnskapen blir utvikla, og kva aktørar som inngår.
Dei unge opplever det som ei utfordring at kunnskapen om kva Møre og Romsdal har å by på og informasjon om kva som skjer i fylket, ikkje når ut til viktige målgrupper.
Det er behov for å auke næringane sin attraktivitet i å tiltrekke seg folk og samarbeidspartnarar med kunnskap, både med å få betre fram kva dei står for, men også utnytte potensialet gjennom å tilføre ny og annleis kunnskap.
FoU- arbeidet i fylket er prega av ei intern arbeidsdeling, men og av at sentrale aktørar innan næringslivet utfører omfattande utviklingsarbeid. Eit slikt samspel er svært viktig for å unngå både teknologisk, men også kulturell stiavhengighet gjennom at næringslivet i regionen vert for sterkt avhengig av utviklinga innan nokre dominerande næringar.