Bosetting av flyktninger i kommunene. En studie blant bosettingskommuner i Møre...

Bosetting av flyktninger i kommunene. En studie blant bosettingskommuner i Møre og Romsdal

Forfatter(e):

Randi Bergem, Unni Aarflot, Marte Hanche-Olsen

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Husbanken, Region Midt-Norge

Rapportnr:

238
|

Isbn/Issn:

978-82-7692-298-1/0805-6609

Publikasjonstype:

Arbeidsrapport
|

Sidetall:

72

Nøkkelord:

Busetjing,  Flykningar,  Inkludering,  Sosial bustadspolitikk,  Velferd 
download

Busetjing av flyktningar i kommunane – ein studie blant kommunar i Møre og Romsdal
 
Busetjing av flyktningar i kommunane er viktig arbeid, som også inneber utfordringar, som det å finne bustader som eignar seg, kunne gje burettleiing og arbeide tverrfagleg om bustadsosialt arbeid og planlegging. Møreforsking Volda har sett nærare på busetjing av flyktningar i kommunar i Møre og Romsdal. Målet med prosjektet Busetjing av flyktningar i kommunane, har vore å prøve å identifisere gode busetjingsstrategiar. Det er gjort gjennom å kartlegge korleis busetjingsarbeidet foregår, og å få belyst kva erfaringar og synspunkt tilsette i kommunane og flyktningar har når det gjeld busetjingsarbeidet. Prosjektet er finansiert av Husbanken, Region Midt-Norge.
 
Studien viser mellom anna at:
·         Kommunane har store utfordringar når det gjeld tilgang på bustader til busetjing av flyktningar
·         Kunnskapen om, organiseringa og bruken av Husbanken sine verkemidlar er svært variabel
·         I bustadspørsmål er rolla til flyktningkonsulenten til dels uklar
·         Samarbeidet mellom aktørar/etatar i kommunane, knytt til bustadsosiale spørsmål,
          er lite formalisert, og i mange tilfelle tilfeldig
·         Burettleiing blant flyktninger er ein kritisk faktor, som i liten grad vert prioritert i kommunane
·         Det er stort behov for rettleiing av flyktningar i spørsmål om eventuelt kjøp av bustad
·         Generelt god arbeidsmarknad i ein kommune/region, betyr ikkje nødvendigvis ein 
          god arbeidsmarknad for flyktningar
·         Sosiale nettverk er den årsaka som flyktningane sjølve legg mest vekt på i tilknyting til
          spørsmålet om å bli buande i eller flytte frå ein kommune
·         Det er i liten grad fokus på medverknad frå flyktningar når det gjeld bustad og busetjing i kommunane
 
Med utgangspunkt i studien vert det gitt nokre tilrådingar, som er følgjande:
·         Meir informasjon og fleire kurs frå Husbanken si side overfor kommunane
·         Kommunane bør i større grad fokusere på innovative eigarskapsmodellar,
          til dømes ”shared ownership”
·         Fleire kommunar bør ta i bruk modellar som ”Fra å leie til å eie”
·         Meir forsknings- og utviklingsarbeid retta mot behovet og muligheitene for
          nye tilskotsordninger og eigarskapsmodellar
·         Større fokus på å kombinere startlån og bustadtilskot