Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke. Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke. Frå forvaltning til utvikling?

Forfatter(e):

Jørgen Amdam, , Finn Ove Båtevik

Utgiver:

Møreforsking Volda

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylke

Rapportnr:

9/2007
|

Isbn/Issn:

0805-8075

Publikasjonstype:

Notat
|

Sidetall:

14

Nøkkelord:

Fylkesplanlegging,  Nettverk,  Offentleg organisering,  Partnarskap,  Planprosessar,  Governance,  Kompetanse 
Einskapsfylket i Møre og Romsdal er eit administrativt forsøk som har som hovudmål å integrere statlege og regionale oppgåver i eitt felles regionalt organ. I dette paperet presenterer vi funn frå ei evaluering som vart gjennomført i 2006 der det vart fokusert på læring for forbetring knytt til Plansatsinga i regi av einskapsfylket i Møre og Romsdal. Plansatsinga har bakgrunn i einskapsfylket si innføring av ny behandlingsform for plansaker. Kommunar og enkeltpersonar får no eitt samla svar på søknadane der kommentarar frå fleire avdelingar vert samordna, mot tidlegare eitt svar frå kvar avdeling. I regi av einskapsfylket har ein vidare sett i gang eit tiltak kalla Plannettverket. Dette er i hovudsak eit fagleg opplærings- og erfaringsutvekslingstilbod
for planleggarar i kommunane, og tek opp mellom anna nye krav til arealplanlegging og konsekvensanalyse.